Han Innantes Store Humorbok

Torolf Nordbø

Alle tre forfattarane av denne boka har vore interessert i humor frå de var små. Figuren Han Innante blei skapt ganske tilfeldig. Han var urinnbyggjaren i fjord- og øyriket her vest. Gjennom Han Innante kunne Torolf Nordbø formidla tradisjonar, folkelynnet og dialektuttrykk som heldt på å forsvinna. Ei stund etter blei Han Innante plassert i den oppdikta «ur-staden» Indre Erfjord. Her budde han saman med ei gjeng andre ungkarar. Den einaste som var gift i denne bygda var Oggvald Nils. Saman med Leif Arild Steen og Arne Nordbø blei dette samarbeidet til fleire bøker. Me hadde tenkt å skriva ei ny humorbok dette året, derfor var det svært triveleg då Dreyer Bok dukka opp. Saman blei me samde om å ta historier frå dei to første bøkene, koble saman med den nye boka og heller gje ut "Han Innantes store Humorbok". Det er den du no held i handa.

Pris: 298 NOK
2018 Dreyer Bok All rights reserved